By using this website you agree to our use of cookies. Read more about our use of cookies and how to remove or block them in our cookie notice.
Det er ledig embete som politimeister i Møre og Romsdal politidistrikt. Embetet er eit åremål for ein periode på seks (6) år og er ledig frå 1.1.2026.
Samfunnsoppdraget til politiet er å skape tryggleik der folk bur og ferdast. Som politimeister i eitt av dei 12 politidistrikta i landet har du totalansvaret for polititenesta til innbyggjarane i distriktet ditt i dagleg drift, beredskap og ved kriser. Vidare leier politimeisteren påtalemakta i distriktet og er ansvarleg for straffesaksbehandlinga og underlagt den høgare påtalemakta. Politimeisteren rapporterer til politidirektøren.
Du er rådgjevaren til politidirektøren gjennom deltaking i den nasjonale leiargruppa til politiet og er ansvarleg for at politiske føringar og gjeldande strategi blir forstått og gjennomførte i eige politidistrikt. Politimeisteren skal sørgje for levering av gode og tidsmessige polititenester gjennom kontinuerleg forbetring og forenkling av arbeidsprosessane til politiet. Politimeister har også ansvar for kvalitetsutvikling og optimal ressursutnytting i eige distrikt og i etaten.
Som ein del av det viktige samfunnsoppdraget til politiet, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidreg til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Vi ønskjer å spegle befolkninga og er opptekne av mangfald og god kjønnsbalanse i leiarstillingane i etaten.
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
Det er også ønskjeleg med:
Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet og politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved ev. tilsetjing jfr. politiloven § 18 og politiregisterlova § 41.
Som medarbeidar i politiet har du høgt etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeiderplattformen her.
Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Bransjekategori | Offentlige tjenester / Forvaltning |
Bransje | Politi / Brann / Toll |
Bedriftsnavn | Politidirektoratet |
Nedre Strandgate 50 | |
6005 Ålesund | |
Søknadsfrist | Utløpt |
Arbeidsplass | Ålesund |
Tittel | Politimeister |
Sektor | Offentlig |
Stilling | Fulltid |
Omfang | Fast |
Antall stillinger | 1 |
Peder Lund Partner peder.lund@capus.no +47 97 73 50 88 |
Karin Aslaksen Avdelingsdirektør HR og HMS-avdelingen +47 95 27 07 25 |