Er du ein kreativ og strategisk tenkar som brenn for det gode bodskapet? Ønsker du å vere ein del av eit dynamisk og veksande teknologiselskap? Då har vi den perfekte moglegheita for deg! Enivest er eit framoverlent teknologiselskap i sterk utvikling. Vi strekkjer oss langt for kundane våre, og jobbar med kvalitet i alt vi gjer. Til marknadsteamet vårt søker vi no etter ein kreativ og operativ kommunikasjonsrådgivar!
Som kommunikasjonsrådgivar hos Enivest vil du spele ei sentral rolle i å skape og distribuere engasjerande innhald som styrker og bygger merkevara vår, og tiltrekker nye kundar. Du vil samarbeide tett med resten av marknadsføringsteamet vårt for å utvikle strategiar som driv vekst og synlegheit på tvers av alle kanalar. Di evne til å identifisere og formidle kjerneverdiane våre gjennom konsistent og strategisk kommunikasjon vil vere avgjerande for vår suksess. Vi søker derfor deg som kan utnytte krafta i kanalane våre for å auke synlegheit, og bygge engasjement blant både eksisterande og nye kundar både i privat og bedriftsmarkedet. Stillinga rapporterer direkte til marknadssjefen i Enivest.
Arbeidsoppgåver:
- Skape engasjerande og relevant innhald for våre digitale plattformer, inkludert nettsider, app, nyheitsbrev og sosiale medier
- Skape engasjerande og relevant innhald for våre eksterne kanaler i form av god innhaldsmarknadføring
- Utvikle og implementere innhaldsstrategiar som støttar våre marknadsføringsmål
- Samarbeide tett med resten av marknadsføringsteamet for å sikre konsistent og heilskapleg kommunikasjon på tvers av alle kanalar
- Nyttiggjere SEO-prinsipp for å optimalisere innhald for søkemotorar
- Analysere innhaldsprestasjonar og bruke data til å forbetre framtidige innhaldsstrategiar
- Følgje med på trendar og beste praksis innan marknadsføring og innhaldsproduksjon
- Utvikle og administrere digitale kampanjar for å auke synlegheit og engasjement
- Arrangere og delta på events, både interne og eksterne
Vi ser etter deg som har høgare relevant utdanning eller relevant erfaring, og som er engasjert i å fremje bodskap. Som person er du nysgjerrig og proaktiv, og kjem lett i kontakt med andre for å finne dei gode historiene. Du trivst med ein kreativ kvardag, og evnar å ta sjølvstendig ansvar og drive prosjekter framover. For å lykkes i rollen har du god forståing for kommunikasjon og merkevarebygging, i tillegg til svært gode skriveferdigheiter. Erfaring med grafisk design eller videoproduksjon vil vere ein fordel.
Vi tilbyr:
- Eit dynamisk og inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
- Moglegheit til å vere med og forme merkevara og omdømme vårt
- Konkurransedyktige vilkår og gode utviklingsmoglegheiter
- Fleksibel arbeidstid og moglegheit for heimekontor
Søknadsfrist: Utløpt
Arbeidsplass: Førde, Sunnfjord
For meir informasjon er du velkomen til å kontakte Capus AS ved;
Partner & Rådgivar Per Jorem + 47 40021560 eller
Rådgivar Research & Analyse Johanne Hammerlund +47 95 21 17 20.
For å bli vurdert til stillinga må du søkje via linken «Søk på stillinga».