Om stillinga
Heradet har ansvar for eit tilbod om sosiale tenester og rettleiing, og me søkjer no etter rett person til å være pådrivar for tenesteutvikling og samanheng i tenestene, og som kan leie eit samansett team i ein felles retning. Kjerneoppgåvene for stillinga vil være sosialtenester og sakshandsaming for det kommunale NAV kontoret. Føremålet med dei sosiale tenestene er å bedra levekår for vanskelegstilte, og bidra til økonomisk og sosial tryggleik, samt førebygginga av sosiale vanskar. Tenester til flyktningar og rus- og psykisk helse vil bli tilknytta denne stillinga. Dei siste åra har me hatt gode resultatar med ei svært tett kobling mellom sosialtenestene og rus- og psykisk helse. Me ynskjer å bygge vidare på dette med eit tverrfagleg team for arbeid, inkludering og meistring. Nasjonalt er det svært mange som står på utsida av arbeidslivet av ulike grunnar, og i tida framover er det sentralt at me får flest mogleg i arbeid og aktivitet. Dette er tett knytt til psykisk helse og sosial situasjon. Gode lokale tenester som bidreg til å hjelpe folk ut i aktivitet og inn i fellesskap er avgjerande for eit godt lokalsamfunn, for både enkeltpersonar- og folkehelsa, og for den totale samfunnsøkonomien.
I teamet får du med deg fagansvarleg flyktningkoordinator og fagansvarleg for rus- og psykisk helse.
Har du rett kompetanse og erfaring frå NAV, samt eit engasjement for gode tenester i små lokalsamfunn? Då er det deg me er ute etter! Søk på stillinga, me ser fram til å møte deg.
Oppgåver
- Sakahandsaming og vedtak
- Sikre det kommunale ansvaret for sosiale tenester, dette inkluderer:
- Sosialhjelp
- Gjeldsrådgjeving
- Bustadsosialt arbeid
- Arbeidsretta oppfølging
- Ansvar for dagleg drift av teamet og fordeling av oppgåver
- Følgje opp teamet i det daglege, bidra til tilhørigheit og felleskap i teamet
- Være eit bindeledd mellom overordna prioriteringar og den daglege drifta
- Bidra til utvikling av tenestene
- Bidra til god ressursutnytting og gode synergieffektar mellom ulik kompetanse i teamet.
- Ha ansvar for drift av lågterskeltilbod «tunet»
Stillinga vil representere fagområdet inn i leiarguppa for helse og velferd.
Ynskja kvalifikasjonar
- Relevant sosialfagleg 3-årig høgare utdanning, helst sosionomutdanning
- Førarkort klasse B
- Erfaring frå NAV og sosialt arbeid
- God IT-kompetanse
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Personlege eigenskapar
- Fleksibilitet
- Fagleg engasjement
- Eit ynskje om å utvikle gode tenester i ein liten kommune
- Samarbeidsevner
- Sjølvstendig og ansvarsbevisst
Søkjarar må kunne legge fram politiattest etter helse og omsorgstenestelova §5-4
Me kan tilby
- Løn etter gjeldande tariff og lokale føringar
- Kontorplass på sentrumsbygget på Brakanes
- Mobiltelefon og PC
- Ein arbeidsplass med stor variasjon og mange dyktige kollegaer
Om arbeidsgjevar
Helse og velferd i Ulvik herad er ei eining med om lag 50 årsverk og har eit tenestetilbod som omfattar sjukeheim, heimesjukepleie, legekontor, skulehelseteneste og helsestasjon, heimehjelp, fysioterapi, ergoterapi, psykisk helse og rus, sosialtenester, flyktningtenester. Me har lokalar i Ulvik sentrum og på Ulvik Omsorgstun som var nytt i 2020. Som tilsett hos oss vert du del av eit arbeidsmiljø med flotte folk og stort mangfald i både alder, kjønn, utdanning, erfaring og bakgrunn.
Om Ulvik
Idyllisk plassert inst i Hardangerfjorden, finn du Perla i Hardanger, Ulvik.
Spektakulær natur frå fjord til fjell og bre inviterer til friluftsliv heile året. Me har aktive kultur- og idrettsmiljø, idrettshall, svømmehall, og langrennsarena med lysløype. Konsertar og festivalar, frukt og siderproduksjon, poesi og sogelag står for eit mangfald av dei sjeldne .
Meir informasjon finn du på
Ulvik kommune og
Hardanger | Ulvik (hardangerfjord.com)
Kontaktpersoner:
Torstein Kvåle Hellesnes
Kommunalsjef helse og velferd
Tlf 400 07 136
torstein.hellesnes@ulvik.kommune.no
Per Jorem
Rådgjevar Capus
Tlf 400 21 560
per.jorem@capus.no