Stillinga vil ha varierte oppgåver, men med eit fokus på handsaming av saker etter plan- og bygningslova og anna tilgrensande lovverk. I tillegg vil det verta lagt planarbeid til stillinga.
Me søkjer primært etter ingeniør med relevant erfaring, men har du anna kompetanse, t.d jurist med kommunal plan- og byggesaks erfaring, vil du vera kvalifisert for å søkja på stillinga.
Stillinga kan verta tilpassa den enkelte sine kvalifikasjonar.
Oppgåver
- Sakshandsaming og rettleiing etter Plan- og bygningslova og tilgrensande lovverk
- Saksframlegg for politisk behandling, samt å delta på politiske møte ved behov
- Oppfølging av ulovlegheiter og tilsynsarbeid
- Handsaming av klagesaker
- Kommunalt planarbeid
- Andre juridiske oppgåver
- Lista er ikkje uttømande
Ynskja kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning, Ingeniørfag eller liknande
- Du må ha god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
- God kjennskap eller erfaring innan offentleg forvaltning/saksbehandling
- Kjennskap og interesse til relevant lovverk som plan- og bygningslova, forvaltningslova m.v
- Førarkort klasse B.
Eigenskapar
- Har god kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Interesse og ynskje om å utvikle fagleg kompetanse innan lovverket.
- Er oppteken av kvalitet og fagutvikling
- Evner å jobba strukturert og systematisk
- Er løysningsorientert, meistrar uføresette hendingar
- Har evne til å strukturera og koordinera arbeidet i ein hektisk kvardag
- Positiv og effektiv
Me kan tilby
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Arbeid i ei verksemd i utvikling, og moglegheit til å vera med å påverka
- Fagleg nettverkssamarbeid
- Løn etter avtale
- Fleksitid
- Ein jobb i verdast vakraste bygd
Om arbeidsgjevar
Samfunn og plan har om lag 20 tilsette fordelt på reinhald, utedrift og merkantile stillingar. Som tilsett hos oss vert du del av eit arbeidsmiljø med flotte folk og stort mangfald i både alder, kjønn, utdanning, erfaring og bakgrunn.
Om Ulvik
Idyllisk plassert inst i Hardangerfjorden, finn du Perla i Hardanger, Ulvik.
Spektakulær natur frå fjord til fjell og bre inviterar til friluftsliv heile året. Vi har aktive kultur- og idrettsmiljø, idrettshall, svømmehall, og langrennsarena med lysløype. Konsertar og festivalar, frukt og siderproduksjon, poesi og sogelag står for eit mangfald av dei sjeldne .
Meir informasjon finn du på
Ulvik kommune og
Hardanger | Ulvik
For nærare opplysningar, ta kontakt med vår rådgjevar hjå Capus Per Jorem tlf. 400 21 560 eller kommunalsjef samfunn og plan Trygve Vik tlf. 400 07 186.
Frist 16. september.