Vi søkjer ein strategisk og utviklingsorientert leiar for HR-seksjonen. Som HR-sjef vil du leie HR-seksjonen og få ei sentral rolle i å sikre at HR-prosessane støttar opp under NOKUT sine mål og strategiar. Du vil få ansvar for å leie HR-seksjonen med tre medarbeidarar, som handterer eit breitt spekter av oppgåver. Du skal fylle både ei strategisk og ei operativ rolle, og vere ein pådrivar i vidare organisasjonsutvikling. Du vil jobbe tett på organisasjonen, og ha ei sentral rolle i samarbeid med leiinga og fagforeiningane. Stillinga inngår i leiargruppa i administrasjonsavdelinga.
Seksjonen forvaltar og utviklar felles HR-prosessar og retningslinjer på området, mellom anna innan rekruttering, lønns- og personalpolitikk, kompetanseutvikling, HMS, og støttar leiarane i den daglege personalleiinga deira. Seksjonen deltek aktivt i utviklinga av NOKUT sin organisasjon, medrekna aktivitetar innan kultur, leiing og kompetanseutvikling. I tillegg forvalta seksjonen NOKUT sitt arbeidsgjevaransvar saman med administrasjonsdirektøren, og samarbeidet med arbeidstakarorganisasjonane og vernetenesta/AMU.
Arbeidsoppgåver
- Fag- og personalansvar, samt budsjett- og resultatansvar
- Sørgje for effektiv og profesjonell forvaltning og vidareutvikling av NOKUT sine HR-prosessar
- Samarbeid med arbeidstakarorganisasjonane og gjennomføre forhandlingar og drøftingar etter avtaleverket
- Delta aktivt i utviklingsarbeid, medrekna digitalisering og utbetringar av kultur- og prosessar
- Vere ein pådrivar og tilretteleggjar for organisasjonsutvikling, og følgje opp HR-strategi og -planar
- Vidareutvikle personaladministrative støttefunksjonar
- Organisasjonsutvikling, leiar- og kompetanseutvikling, verksemdsplanlegging og omstillingsprosessar
Kvalifikasjonar
Naudsynte kvalifikasjonar:
- Høgare relevant utdanning og erfaring med tilsvarande oppgåver i offentleg og/eller privat sektor
- Solid HR-fagleg kompetanse, både frå HR-drift og utviklingsarbeid
- God kunnskap om lov- og avtaleverk i staten
- Gode leiareigenskapar og interesse for personalleiing
- Kan kombinere strategisk leiing med operativ gjennomføring
- God formuleringsevne, skriftleg og munnleg
Ønskelege kvalifikasjonar:
- Relevant juridisk kompetanse eller erfaring
- Kjennskap til statleg verksemd og staten si lønns- og personalpolitikk
- Interesse for og/eller erfaring med digitale verktøy og utvikling
- Forhandlingsteknikk og erfaring frå forhandlingar
- Erfaring med personalleiing er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Strukturert og målretta, med god gjennomføringsevne
- Evne til å motivere til kontinuerleg utvikling, utbetring, læring og kunnskapsdeling
- Analytisk og resultatorientert
- Robust og stor arbeidskapasitet
- Initiativrik, fangar opp utviklingstrendar og er endringsorientert
Vi vektlegg personleg eignaheit.
Vi tilbyr
- Eit aktivt og stimulerande arbeidsmiljø prega av fleksibilitet og utvikling
- Ei utviklande og utfordrande stilling i ei verksemd med eit viktig samfunnsoppdrag
- Ein kvardag prega av eit breitt spekter av ansvarsområde
- Lønn etter kvalifikasjonar som Seksjonssjef frå 870 000 – 930 000. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast
- Medlemskap i Statens pensjonskasse
Høyrest dette ut som noko for deg? Då ønskjer vi å ha deg med på laget! Dersom du har spørsmål eller ønskjer å vite meir om stillinga kan du ta kontakt med Capus ved partner Grete Andersen på telefon 911 37 005 eller partner Kristine Sandstå på telefon 977 29 641.
Andre forhold
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogeleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting og å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn, redusert funksjonsevne og hol i CV. Opplysingar om dette kan brukast til registreringsformål. Dersom søkjar ønskjer å reservere seg frå oppføring på den offentlege søkjarlista må dei grunngje ønsket. NOKUT kan gjere opplysningar om søkjarar offentleg sjølv om dei sjølve har bedt om konfidensiell behandling. Søkjaren blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje blir tatt til følgje, jf. offentleglova § 25.